Ungdomstur fra Jostedalen til FjellPride

01.06.2023

Ungdomstur fra Jostedalen til FjellPride på Sota Sæter

Fra 5. juli kl. 10:00

Til 7. juli kl. 12:00

FjellPride på Sota Sæter DNT og DNT Gudbrandsdalen inviterer alle ungdomar til å bli med på ungdomstur fra Jostedalen til FjellPride på Sota Sæter 2023!

I forkant av FjellPride på Sota Sæter kan du mellom 18 og 25 år bli med på fellestur. Det er satt opp minibuss frå Lom til Jostedalen. Vel framme kan alle bli betre kjent over ein felles lunsj før fotturen tek til. Turen opp til Sprongdalshytta er bratt men kort. Etter to timar er du midt i hjarte av Breheimen nasjonalpark. Hytta ligg høgt oppe og gjev flott utsikt. På kvelden blir det felles middag og sosialt samvær. Dag to går turen vidare til Sota Sæter. Etter ein fottur på omlag 6 timar blir det 5 retters middag og overnatting på Sota. Du vel sjølv om du vil bli på Sota resten av helga og delta på Fjell Pride eller om du vil ta buss til Lom fredag.

Turprogram

Onsdag 5. juli

Buss frå Lom til Jostedalen. Du kan gå på under vegs eller møte opp direkte i Jostedalen. Der blir deltakarane betre kjent og et lunsj saman.

Fotturen frå Sprongdalen og opp til Sprongdalshytta er middels krevjande og tek omlag 2 timar. Ruta følgjer merka stig. Turen er forhaldsvis kort, men går gjennom noko ur og litt over 400 høgdemeter stigning. Vel framme kan du nyte den fantastiske utsikta.

På kvelden blir det felles middag og dessert frå matlageret på hytta. Turleiarane tek ansvar for organisering og alle bidreg med kokking, dekking av bord og oppvask.

Torsdag 6. juli

Fottur frå Sprongdalshytta til Sota sæter. Turen tek omlag 7 timar og er 18 km. Det er merka stig heile vegen og siste del av turen frå Mysubytta til Sota går langs grusveg. Ruta er middels krevjande.

Turen blir avslutta med femretters middag og overnatting på den betjente hytta Sota Sæter. Dette er fyrste kvelden av Fjell Pride 2023. Her blir det garantert god stemning.

Fredag 7. juli

Etter frokost vel du sjølv om du vil bli verande på Sota Sæter og delta på Fjell Pride eller bli med oppsatt buss til Lom. (Tidspunktet vil bli avtala nærmare ut frå gruppa og deira ynskje om å evt. nå kollektivrtasnport frå Lom.)

Priser

DNT medlem 18 - 26 år kr 1500 (sponsa av stiftelsen Dam)

Ikkje medlem 18 - 26 år kr 3500

Bli medlem: Trykk her!

Prisen inkluderer: Buss frå Lom til Sprongdalen. Lunjs og drikke på Jostedalen hotell før start. Overnatting med middag, frokost og niste på Sprongdalshytta. Fullpensjon på Sota Sæter med oppgradert femretters middag, overnatting og frokost. Buss frå Sota til Lom.

Tusen takk til Stiftelsen DAM som gjer det mogleg for oss å tilby denne turen til sterkt reduserte prisar for våre ungdomar.

Påmelding

Påmelding: https://www.dnt.no/aktiviteter/152122/918926/

Eller ring Anita på tlf 99 71 26 77 eller anita.haugen@dnt.no

Påmeldingsfrist: 20. juni. Her er det førstemann til mølla, sidan det er plass til berre 10 deltakarar. Betaling ved påmelding og seinast 20. juni til DNT Gudbrandsdalen på konto nr. 2085 25 02399 eller vipps nr. 11 84 18. Vi forbeholder oss retten til å avlyse turen ved for få påmeldte. Dersom vi avlyser turen, vil innbetalt beløp bli refundert. Ved avmelding etter 20. juni må turen betales i sin helhet.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Anita Haugen på tlf. 99712677. 

Bilder fra Pride-ruta 2022. Foto: Silje-Håvard Bolstad